Rakfisk
Vi lagar rakfisk av den flotte villfanga Jølstraauren. På garden har det vore laga rakfisk for salg i over 60 år så vi har lang erfaring med dette flotte produktet. Rakfisken er normalt ferdig frå slutten av oktober. Jølsterlia er nok dei fleste år den største produsenten av rakfisk laga av villfisk i Norge. Men det vert likevel ganske småskala når ein samanliknar med dei som bruker oppdrettsfisk, og all rakfisk vert lagt ned av eigaren Finn Årdal.
Vi sel rakfisk i 9 og 18 kg spann. Vi vakumpakker også rakfisk som vi kan selge som kjølevare. Den vakumpakka leverer vi heil eller flådd (uten hovud og skinn).
Det kan vere smart å bestille rakfisken i oktober. Vi bruker å køyre ein tur til Jølster - Stryn- Lillehammer - Oslo - Fagernes rundt 1 november med rakfisk så det går an å få den levert der. Normalt køyrer vi og ein tur til Oslo i slutten av november.
Rakfisken vert selt i ein del butikker. I Oslo får du den i 2025 blant anna hos: Vindern Sjømat og Deilkatesse, Vulkan Fisk, Fiskeriet Youngstorget og Bjørvika, Annis Oslobukta, og Meny CC Vest. På Hamar kan den kjøpast hos Knutstad & Holen og på Jessheim hos Meny Gystadmarka. I Sandvika finn de den hos Gutta fra Havet. Villfisken på Hallingby har også vår rakfisk.
I Sogn og Fjordane er den for salg hos Bakar Jon på Byrkjelo, COOP Prix på Skei, Spar Jølstraholmen, COOP Extra Sandane. I Førde kan den kjøpast hos Spar Handelshuset og COOP Extra.
Vi sel og fisk rett frå fiskemottaket om den er bestilt på førehand.
For kjøp av rakfisk bruk kontaktinfo nederst på sida.
