Jølstravatnet

Jølstringane har til alle tider hausta kvalitetsaure frå Jølstravatnet.  Årleg vert det fiska ca 15 tonn aure i vatnet.  Fagfolk på innlandsfisk meiner at ingen andre vatn i Europa kan måle seg med dette.

Det 30 km lange vatnet med ei største djupne på over 200 meter gjev ideelle tilhøve for fisken.

Med tilsig av kaldt vatn frå Jostedalsbreen og eit elles rikt næringsgrunnlag har Jølstraauren utmerka vekstilhøve. 

Fisket i Jølstravatnet er strengt regulert for at det skal verte fiska høveleg mengde kvart år.  På denne måten held vi oppe den flotte kvaliteten auren frå Jølstravatnet er kjend for.  Difor vil også vi som profesjonell aktør fortsette å engasjere oss i arbeidet med å utvikle best mogeleg forvaltning av Jølstraauren sine vekst og utviklingsvilkår.