Rakfisk
Vi lagar rakfisk av den flotte villfanga Jølstraauren. På garden har det vore laga rakfisk i 50 år så vi har lang erfaring med dette flotte produktet. Rakfisken er normalt ferdig frå slutten av oktober. I 2011 rekk vi 2. plass i klassen for villfisk under under NM i rakfisk.
Vi sel rakfisk i 9 og 18 kg spann. Vi vakumpakker også rakfisk som vi kan selge som kjølevare eller frosen. Den vakumpakka leverer vi heil eller flådd (uten hovud og skinn).
Det kan vere smart å bestille rakfisken i oktober. Vi bruker ofte å køyre ein tur til Jølster - Stryn- Lillehammer - Oslo - Gol i starten av November med rakfisk så det går an å få den levert der.
Rakfisken vert og selt i ein del butikker b.l.a. Flatebakkens fisk og skalldyr på Stabekk. Røa Fisk, Fiskeriet og Fenaknoken i Oslo og Fiskeriet Sandvika. På Hamar kan den kjøpast hos Knutstad & Holen. Den kan også kjøpast i nokre butikkar i Sogn og Fjordane.